Norsk Luthersk Misjonssamband arrangerer kvart år mange leirar i Sætervika – både sommer, høst og vinter!

Sætervika ligg idyllisk til ved sjøen, og vi har mange aktivitetar for alle. I tillegg til bading, tarzanløype og kanopadling, kan vi spele innebandy på aktivitetsloftet, fotball i ballbingen, spele brettspel, delta i sporløp eller berre slappe av og kose oss. Leirane startar ca kl 1900 den første dagen, og vert avslutta ca kl 1400 den siste dagen.

På leirane er det mange kjekke og flinke leiarar i alle aldrar som er med. Dei sørger for kjekt program og trygge rammer.

Alle leirane har bibelsamling på føremiddagen og møte på kvelden. Misjonssambandet har misjons- og bistandsarbeid i mange land, og ein av kveldane samlar vi inn kollekt til Barnas Misjonsprosjekt. Du kan lese meir om prosjektet her:

https://www.nlm.no/bidra-i-arbeidet/innsamlinger/barnas-misjonsprosjekt/

Dette må du ha med deg på leir:

Laken og putetrekk, dynetrekk eller sovepose, handklede, toalettsaker, innesko, badetøy, klede til å vere ute uansett vêr og elles det du treng. Dersom du har ein Bibel eller Nye Testamentet, er det fint om du tek det med deg.

Påmelding til alle leirane skjer på www.nlm.no/leirvest. Sjekk ut kalendaren for å finne ut når leirane er.

Velkommen på leir!